Aktuelt

Fekk vere med på landslaget til NSFF

Article text
Autumn Mirror
Bodø fotoklubb sto for juryeringa i NSFF 16. Nature Biennial (= noko som skjer annakvart år), og inviterte klubbar frå heile Norge til å danne eit landslag.

I alt 30 bilde vart plukka ut til å danne landslaget, som skal delta i biennialen. Bilda blir utstilt i Bodø 4-8.april og i Kristiansund under Nordic Light 2.-28.april

Det er NSFF og Bodø Fotoklubb som står som arrangør av denne konkurransen som alle medlemsland i FIAP kan delta i.

Norsk selskap for Fotografi (NSFF) er medlem av den internasjonale organisasjonen Fédération Internationale de l'Art Photographique (FIAP), som er internasjonal paraplyorganisasjon for fotoklubbar.

Du kan sjå dei andre bilda i landslaget på NSFF si nettside. Klikk her for å gå dit