Aktuelt

NSFF har gjort avtale om å distribuere Enkelt forklart

Article text
Etter at Bekkalokket fotoklubb kjøpte eit betydeleg tal bøker til bruk i kurssamanheng i klubben, har fleire og fleire fått augene opp for boka.

Etter tilbakemeldingar å dømme, ser det ut som den ganske enkle forklaringa og lette språkføringa vert godt likt. Det vert ikkje minst framheva at boka er på norsk. Sjølv om vi kan lese engelsk, likar vi best å lese norsk.