Aktuelt

Interesserte folk på Lightroomkurs i Ålesund

Article text
Interessant diskusjon ved skjermen.
Kva gjer du når Adobe slepper ein ny versjon av programmet mens du held kurs? Eit lite dilemma vart det. Dei som kjøper programmet etter kurset, vil jo få Lightroom 4. Skal dei då gå på eit nytt kurs, eller skal dei få lære litt om den nye versjonen?

Eg valde det siste i samråd med dei som deltok på kurset. Det som vart gjennomgått i første del av kurset, var likt med versjon 4, men den siste kvelden opna for å sjå på nyheitene, og det gjorde vi. Både oppgradering og dei utvida funksjonane i Developmodulen vart gjennomgått.

Dette var den 3. gruppa med folk frå Ålesund Kameraklubb - 5 vaksne karar, som spurde og grov om mange aktuelle spørsmål. På bildet ser du 3 av dei som deltok, Charles, Frode og Magne, mens dei studerer bilde Charles hadde importert og organisert.