Aktuelt

Ny utgåve av boka under utarbeiding

Article text
Under arbeidet med den nye utgåva vert teksten gjennomgått på nytt, språket stramma opp, og ein del nye funksjonar blir tekne inn i beskrivinga. Alle bilda blir skifta ut eller friska opp.

Mest arbeid er det nok med alle nye funksjonar i Developmodulen. Dette kapittelet blir skrive heilt om. Developmodulen i Lightroom er kraftig forbetra og utvida på viktige punkt, og dette må vere med i boka også.

Sist, men ikkje minst er det dei to nye modulane. Desse blir også omtalt.

Førehandsbestill boka allereide no, slik ein god del har gjort allereide. Bruk kontaktskjemaet for den gamle boka, men skriv inn at det gjeld Lightroom 4. Du kan også kontakte meg på arnold@mimer.no. Då vil eg ta kontakt så snart den er klar til levering.

Du kan kike gjennom innholdslista i første utgåva, så ser du kva som er omtalt. Innholdslista finn du i seksjonen enkelt forklart. Den nye blir utvida med meir stoff enn den første.

Eg trur ikkje prisen blir nemneverdig høgare. Mest håpar eg at eg klarar å få ein avtale med trykkeriet, som gjer at eg kan holde same prisen som tidlegare.