Aktuelt

Lightroom 4 - Enkelt forklart er snart her

Article text
Lightroom 4 – Enkelt forklart er kraftig utvida i forhold til boka om Lightrrom 3. Den nye boka er på i alt 188 sider. I tillegg kjem sider med omslag, innholdsliste og stikkordregister. Dessutan er plassen langt betre utnytta, så omfanget er i realiteten større enn auken i sidetal tydar på. Av nytt stoff kan eg nemne:
  • Oppgradering av Lightroom
  • Flytting av mapper og filer ved hjelp av Lightroom
  • Bruk av GPS-informasjon
  • Organisering av bilde i kart
  • Oppretting av fleire databasar
  • Sikkerheitskopiering
  • Finne att bortkomne bilde og mapper
  • Handtere kriser
  • Video og redigering av
  • Ditt eige namn eller logo i Lightroom/Tilpassing av Identity Plate
  • Synkronisering av endringar frå eit til mange bilde
  • Bruk av RGB-kurver
  • Redigering med HSL
  • Soft Proofing
  • Etterbehandling av portrett
  • Vignettering
  • Høg kontrast
  • Svart-kvittbilde
  • Objektivfeil
  • Cromatisk aberration
  • Fotobok
  • Kraftig utvida stikkordregister, no i alt 8 sider med 2 spalter

Dette var det meste av dei nye emna som er behandla. I tillegg nemner eg at heile teksten er gjennomgått, for å forbetre den.
Nesten alle bilde er skifta ut og erstatta med nye, og mange av illustrasjonane som er henta frå programmet, har fått betre og meir instruktive illustrasjonar.

Boka dekkjer no svært mange av oppgåvene frå å organisere digitale bilde på ein måte som gjer det enkelt å finne att, gjennom redigering og til framstilling av fotobøker, lysbildeframvisingar, webgalleri og dei flottaste utskrifter noko programvare for foto kan produsere. Den følgjer også ei framdrift i stoffet, som stemmer godt med ein naturleg arbeidsflyt.

Eg held fast ved ringryggen, som gjer at boka kan brettast heilt rundt, utan å ta skade av det. Dette sparer plass på eit elles overfylt skrivebord.

Boka kan bestillast på denne nettsida