Aktuelt

Second copy er ingen sikkerheitskopi

Article text
Etter kommunikasjon med Adobe spesielt om dette i midten av januar 2013, viser det seg at eg tidlegare har blitt feilinformert. Adobe seier at funksjonen ikkje er meint å vere nokon sikkerheitskopi. Den er berre meint å vere ein midlertidig kopi av minnekortet, slik at du kan formatere minnekortet, og bruke det om att straks importen er ferdig. Du vil likevel ha to eksemplar av dei importerte bilda. Second Copy vil også kunne vere til hjelp dersom det oppstår feil under import.

Funksjonen Make a Second Copy To.. kopierer dei same filene som du importerer i Lightroom over til ei mappe på ein disk og mappe du bestemmer. I samband med importen blir filnamna behandla på same måte som dei som blir kopiert over til arbeidsdisken din. Dersom du har valgt å endre filnamn, vil også Second Copy-filene endre namn på same måte. Second Copy-filene blir lagt i ei mappe med namn på forma «Imported on 20. januar 2013». Det blir oppretta ei ny mappe for kvar import.

Eg har tidlegare lest at Metadata og Keywords og filstruktur ville bli den same på Second Copy som på arbeidsdisken, men det stemmer ikkje i det heile. Funksjonen kopierer og endrar namn – berre det.

Konklusjonen er at vi må ta i bruk andre løysingar for sikkerheitskopiering av bildefilene. Du bør likevel ikkje slutte å bruk Make a Second Copy To…, men heller ta i bruk andre løysingar for sikkerheitskopiering. Så kan du kvitte deg med Second Copy-filene når du føler at du står på begge beina/har nødvendig sikkerheitskopi på anna måte.