Aktuelt
Oppdatering av Lightroomfamilien, februar 2020
12/02/2020
Lightroom Classic, skybaserte Lightroom for datamaskiner og mobile plattformer og Camera RAW er 11.02. oppdaterte med både nye, smarte egenskaper, støtte for nye kamera og nye objektivprofiler. ...meirNy release Candidate 5.3
09/11/2013
Adobe Photoshop Lightroom 5.3 ute i release Candidate. Release Candidate betyr at produktet er ganske godt testa, men vil ha godt av testing blant publikum. Adobe ønskjer at mange lastar ned, installerer og prøver ut oppgraderinga. Den inneheld støtte for nye kamera, nye objektiv og ei rekkje feilrettingar som har blitt rapportert. ...meirOppdatering 5.2 lansert
19/09/2013
Adobe slepte den 18.09..2013 endelig versjon 5.2 av Lightroom. Dersom du har LR 5, vil det dukke opp ein informasjonsboks neste gong du startar Lightroom. Der står det at oppdatering er tilgjengelig. Det er gratis å innstallere denne oppdateringa, dersom du eig versjon 5 frå før. ...meirRelease Candidate av 5.2 lansert
01/08/2013
Adobe har i dag lansert Release Candidate 5.2 av Lightroom. Den inneheld støtte for fleire nye kamera, og naturlegvis feilretting. Dei som har eit av dei kamera som er lista opp nedanfor, kan ha ekstra interesse av å laste ned og ta i bruk v 5.2, men hugs at det førebels er prøveversjon. ...meirLightroom 5 er her
10/06/2013
Adobe har lansert Lightroom 5, og her er nokre av dei viktigaste nyheitene.- Enklare oppretting av skeive bilde
- Avansert reparasjonsverktøy (healing brush)
- Radial filter
- Smart Preview
- Video slide show
- Forbetra bokmodul
Veldig kort fortalt om desse forbetringane ...meir
Lightroom 5 Beta ute
15/04/2013
Adobe slepte i dag, 15. 04. 2013 første betaversjon av Lightroom 5 til fri nedlasting for alle som vil teste ut den nye versjonen. Dette er ei større oppgradering enn dei vi har sett av ulike 4-versjonar. Lightroom 5 inneheld ei rekkje nye og forbetra funksjonar. Les meir om detaljane. ...meirLIghtroom 4.4 endelig versjon ute 3.4.13
03/04/2013
Fleire har allereie meldt dette, men likevel. Endelig versjon av Lightroom 4.4 er no klar for nedlasting. Du som har Lightroom 4 frå før, kan hente den nye versjonen via Check for Updates under menyen Help i Lightroom. Her er nokre detaljar om oppgraderinga, som er gratis for brukarar av Lightroom 4. ...meirNytt opplag i hus

22/03/2013
Etter ein intens periode med redigering og retting av feil, kommunikasjon med trykkeriet, osv, kom ny utgåve i hus i dag, fredag 22.3.Førsteinntrykket er at forventningane ser ut til å vere innfridd. Alle bilda har gått gjennom ein finpuss, og tek seg no betre ut i boka. Skjermbilda er også lettare å lese, så boka har blitt meir brukarvennleg. Faktiske feil har også blitt retta.
Første opplag utselt
15/03/2013
Alle eksemplara av boka Adobe Photoshop Lightroom 4 - Enkelt forklart vart utselt 14. mars. Utgåve 2, 1. opplag er lova ferdig frå trykkeriet før påske. 4,5 månader tok det å selje heile opplaget. Les meir om den nye utgåva. ...meirLR 4.4 release Candidate klar for nedlasting
26/02/2013
Adobe har i dag lagt ut Release Candidate av versjon 4.4 for nedlasting og testing. Den nye versjonen inneheld feilretting og støtte for nye kamera og objektiv. Les meir om detaljane og laste ned for å delta i vidare testing. ...meirFå 30 % rabatt på Lightroom

25/02/2013
Adobe har kampanje på Lightroom, og gir 30 % avslag på prisen. Tilbudet går ut 28.02.2013.Dersom du vil kjøpe til denne prisen, som vil ligge omkring 761 kroner for nedlasting, besøkjer du nettsida til Adobe.
Bildet er henta frå www.adobe.com.