Aktuelt

Second copy er ingen sikkerheitskopi

19/01/2013

I bøkene mine om Lightroom 3 og 4 og på kursa om Lightroom har eg framheva at det er enkelt å opprette ein sikkerheitskopi av bildefilene ved å hake av for «Make a Second Copy To..» i samband med import. Dette kan eg ikkje lenger seie, fordi funksjonen ikkje fungerer slik eg har sagt og skrive. Les meir om kvifor.

Eg beklagar dei ulemper feilinformasjonen kan ha skapt for den enkelte. ...mer

Nytt galleri med Før/Etter-bilde

13/01/2013

For at du skal få eit betre inntrykk av nokre av mulegheitene i Lightroom, har eg oppretta eit nytt galleri, der eg har lagt ut bilde som utelukkande er redigert i Lightroom. Bilda blir vist både før og etter redigeringa. Dvs at bildet til venstre er RAW-fila vist i Lightroom, mens bildet til høgre er den ferdig redigerte versjonen vist i Lightroom, og all redigering er utført i Developmodulen i Lightroom. ...mer

Godt salg - 220 bøker levert

11/01/2013

Salget av boka går jamt og trutt, med eit stort tal bøker den første månaden, og seinare jamt med bestillingar kvar veke. Ved nyttårsskiftet 2012-13 har eg levert meir enn 220 bøker. Fleire fotoklubbar har satsa på den som litteratur i samband med kurs i Lightroom, NSFF distribuerer boka, og ein del bokhandlarar har også kjøpt boka. Størsteparten av salget har likevel gått til enkeltpersonar over det ganske land. Det er kjekt med tilbakemeldingar om innhald eller andre ting, for eg tenkjer stadig på korleis boka kan bli betre. ...mer

Godt Nytt FotoÅr

31/12/2012

Nyttårshelsing til lesarar av nettsida og til alle kundar ...mer

Versjon 4.3 offisielt lansert

13/12/2012

Adobe har slept versjon 4.3 av Lightroom. Betatesting er ferdig, og programmet er i ordinær produksjon. Brukarar av Lightroom 4 kan dermed laste ned versjon 4.3 via menyen Help. Slik oppdaterer du. ...mer

4.3 Release Candidate

22/11/2012

Frå tid til anna kjem det nye kamera, det vert oppdaga feil eller manglar, som gjer det nødvendig å oppdatere programvare. Adobe slepte for kort tid sidan Release Candidate 4.3 av Lightroom. Les meir og kanskje last ned den nye versjonen. ...mer

Enkelt forklart på boknett

19/11/2012

Adobe Photoshop Lightroom 4 - Enkelt forklart er frå og med veke 47 registrert i bokbasen på www.boknett.no, noko som gjer det enkelt å bestille boka i bokhandelen. I veke 47 viser boka blant nye bøker på www.boknett.no. Allereide den første dagen boka var på boknett, kom det bestilling på boka. Haugenbok.no i volda var sjølvsagt først ute.

Klikk her for å komme direkte til boka på boknett

Feil på nettsida

24/10/2012

Det har dessverre oppstått ein feil på sida. Dersom du klikkar på Les meir, vil du få ei blank side. Brukarhjelpa er kontakta, men eg veit ikkje når det er reparert.
Feilen skal no vere retta

Lightroom 4 - Enkelt forklart er lansert

24/10/2012

Endeleg har utsendinga av boka til mange kundar over heile landet i gang. Mange kundar har gitt uttrykk for at dei venta på boka og sett fram til å få den. Den første utsendinga skjedde onsdag 24.10., då meir enn 50 bøker vart postlagt.
Utsending av bøker vil no skje fortløpande etter kvart som bestillingane tikkar inn og betaling blir overført. ...mer

Lightroom 4 - Enkelt forklart er snart her

13/10/2012

Adobe Photoshop Lightroom 4 – Enkelt forklart
Endeleg er den her, etterfølgjaren av den første norske boka om Lightroom. Mange har venta lenge, og tolmodet har blitt sett på prøve, men no er ventetida snart over. Levering kan etter planen skje frå 25.10. ...mer