Aktuelt

Kanttilpassing i oppdatering av Lightroom

Adobe har slept ny oppdatering av Lightroom, no til 6.4/CC 2015.4. Versjonen inneheld retting av feil, støtte for nye kamera og nye objektivprofilar. Ei nyheit er Boundary Warp i CC-versjonen.
27/01/2016
Boundary warp – kva er no det? Jau, når vi lagar panoramabilde, ser vi ofte at kantane i bildet ikkje er rektangulære. Vi må tilpasse bildet, for å få reine kantar.

Den enklaste tilnærminga til det kan vere å klippe kantane så langt inn at kantane på alle sider vert rette. Ulempa er at deler av bildet blir klipt bort. Nokre gonger kan dette vere kritisk, fordi viktige element i motivet er nær kanten.

Her kjem Boundary Warp for å redde oss som er medlemmer av Creative Cloud. Med den nye funksjonen tilpassar Lightroom kantane i bildet, for å få dei rette, utan at viktig informasjon blir klipt bort. Du finn informasjonen i panoramafunksjonen.

Der er to innstillingar du kan velje. Den eine er Auto Crop. Den kan du slå av og heller bruke den andre, ein glidebrytar der du sjølv bestemmer kor mykje du vil justere.

Du kan lese meir om oppdateringa i Lightroom Journal