LightroomTips

Import - Kvifor du ikkje vil endre filnamn

Article text
Filendring under import...
Filnamn på bildefiler frå kameraet er ei kryptisk blanding av tal og bokstavar, som ikkje fortel om motivet. Derfor er det kjekt å endre namn ved import til Lightroom. Du bør absolutt gje bilda eit beskrivande namn, men kanskje du heller vil vente med det til etter at du har sortert og sletta dei dårlige? Her er kvifor du kan vurdere det.

Filnamn må inneholde eit sekvensnummer, for å holde filene frå kvarandre. Dersom du endrar namn under import og så slettar enkelte bilde, blir det hol i nummerrekka. Det gjer ikkje meg noko, men enkelte blir lettare frustrerte av slikt (du kjenner deg sjølv best). Dersom du først importerer, så sorterer og slettar, og deretter endrar namn på filene, vil du få ei samanhengande nummerrekke. Kanskje det er noko å tenkje over?