LightroomTips

Bruk to eksterne diskar

Bruk gjerne eksterne diskar i lag med Lightroom
Det finst to typer menneske – dei som har hatt datakrasj og dei som ikkje har hatt datakrasj – enno. Mange har innsett at datakrasj ikkje er eit spørsmål om viss, men når, og sikrar sine data.
Dersom du har bilda dine lagra på ein ekstern disk, betyr det at du godt kan ha to eksterne diskar – ein for bilda du arbeider med og ein for sikkerheitskopi av bilda. Eg kjenner fleire som har kjøpt to eksterne diskar, slike som kan stablast i høgda eller settast side om side. Ein blir tilkobla via USB og ein via Firewire, for å ikkje forveksle dei. Dersom begge har USB, må dei merkast godt, slik at du ikkje er i tvil om kva for ein som er arbeidsdisken og kva som er sikkerheitskopien.

Dette er kanskje ikkje så billig, men tenk deg at du ein dag misser bilda dine. Ville du ikkje då betale kva det skulle vere for å få dei att? Betal heller ein brøkdel no for ein disk til sikkerheitskopi, og eg garanterer deg at du slepp nattevak på grunn av dette. Når du importerer bilda, kan du be Lightroom om samtidig å kopiere dei til kopidisken. Då er du tryggare for bilda.