LightroomTips

Fleire minnekort i same import?

Dersom du importerer mange, mange bilde, dvs to eller fleire minnekort frå same opptak, vil du sikkert ha fortløpande sortering på alle, ikkje berre kvart kort for seg. Her er korleis du gjer det.
Tenk deg at du har vore på eit oppdrag og fylt opp eit par minnekort av same motiv. Dersom du brukar ein “File Renaming-mal” som inneheld sekvensnummer, vil du sikkert at bilda frå dei to minnekorta skal ha fortløpande sekvensnummer, i staden for at kvar import startar på 1. Dersom du importerer 313 bilde frå det første minnekortet, vil du kanskje at det første bildet på neste kort skal ha nr 314.

Dersom du brukar ein mal for endring av filnamn under import og denne inneheld sekvensnummer, kan du oppgje startnummer for sekvensen i feltet “Start Number”. Legg berre merke til nummeret på det siste bildet i første import, og skriv neste ledige nummer i feltet “Start Number”. Då vert alle bilda lagra i numerisk rekkefølgje.