LightroomTips

Enklare Skarping

Du kan gjere det lettare for deg å sjå kor mykje skarping du skal tilføre i eit bilde, dersom du tek bort fargane og ser bildet i svart/kvitt.

Her er korleis du enkelt kan gjere det.
Når du midlertidig tek bort fargane i bildet, blir konturane klarare, og det er lettare å sjå effekten av brytaren Amount i panelet Detail i Developmodulen.

Tast og hold Alt samtidig som du justerer brytaren Amount. Når du utfører justering av Amount mens Alt-tasten er inntrykt, blir bildet vist i svart/kvitt. Det er same teknikk som vert brukt for å velje kva deler av bildet som skal skarpast.

Eg skreiv i eit tidlegare tips om å velje kva deler av bildet som skal skarpast ved hjelp av brytaren Masking i kombinasjon med tasten Alt. Alt + justere Masking