LightroomTips

Importer raskt til eksisterande mappe

Det er fleire måtar å starte importdialogen på, og her er ein som sparer deg for unødige tastetrykk.
I Library finn du fram til mappa du vil importere fleire bilde til. Du finn mappa i panelet Folders. Peik på ønska mappe med musa, høgreklikk, og vel Import into this folder frå menyen som sprett opp. Denne kommandoen vil opne importvinduet i Lightroom, og mappa du vil importere til vil allereie vere valgt som målmappe for dei importerte bilda – smart.