LightroomTips

Installer Preset

Importer framkallingsmalar (Preset)
Med eit lite utval av Develop preset kan du forenkle redigeringa av bilda dine, slik at ei rad innstillingar kan gjerast for eit bilde med berre eitt tastetrykk. Du kan lage dine eigne preset, eller du kan laste ned frå nettet. Det finst både gratis preset, og du kan bestille frå fleire, som utviklar og sel slike. Det er enkelt å innstallere, og her ser du korleis du kan gjere det.
• Last ned og lagre pakken med preset
• Pakk ut (unzip) til ei mappe som du lett finn att
• Start Lightroom, og opne Develop-modulen
• Velg Preset i venstre panel, og merk f.eks. User Presets
• Om ønskjeleg, kan du opprette ei ny mappe ved å høgreklikke på mappa du vil opprette undermappe i, og så velje New Folder
• Høgreklikk på ønska mappe folder, og vel import (sjå bildet)
• Finn fram til dei utpakka Presetfilene, og merk dei du vil importere
• Fullfør importen med å klikke Import

Skulle du synes at namnet på mappa er uheldig, kan du endre namnet ved å høgreklikke på mappa og velje Rename.

Elles er det tut og køyr. Ta i bruk eit preset ved å velje eit bilde du vil redigere. Finn så det presetalternativet du vil bruke, og klikk på det. Vips – så er bildet endra. Vart du ikkje fornøgd? Prøv eit anna, eller gjer tilpassingar i bildet ved hjelp av brytarane i det høgre sidepanelet.

Lykke til.