LightroomTips

Konverter bilde til DNG

Konvertering av importerte bilde til DNG
Gløymde du å sette på «Copy as DNG» då du importerte bilda? Ingen fare. Det er enkelt å konvertere RAW-filer til DNG etter at bilda er importert i Lightroom. Slik gjer du det.
For å konvertere bilder frå RAW til DNG etter at bilda er importert til LIghtroom, gjer du slik:

I Library vel du Convert Photo to DNG frå menyen Library. Sjølv om du teknisk sett kan konvertere JPEG og TIFF til DNG, har det lita hensikt, fordi det ikkje tilfører noko fordeler. Eg konverterer derfor berre RAW-filer til DNG. I mitt tilfelle er det NEF, sidan eg har Nikon.

Denne DNG-fila erstattar RAW-fila du ser i Lightroom, men RAW-fila blir likevel verande i same mappa på disken. Lightroom gir deg imidlertid mulegheita til å slette RAW-fila. Eg brukar å gjere det, fordi konverteringa til DNG frigjev ein del diskplass – vel og merke dersom eg slettar RAW-fila. DNG-fila vil inneholde RAW-fila, så eg treng ikkje begge.