LightroomTips

Fleire Catalogar - Catalogbehandling

Dei fleste som brukar Lightroom klarar seg med ein Catalog (database). Det er muleg å ha fleire eller mange, men då gjeld det ha tunga beint i munnen. Her er eit lite tips om å slå saman katalogar, for den som ønskjer det. Les vidare, og sjå korleis det kan skje.
Databasen i Lightroom heiter typisk Lightroom3.lrcat, der Lightroom kan vere eit namn du har laga sjølv, eller det kan vere standardnamnet som Lightroom har sett på basen. Du finn fila med tilhøyrande mappestruktur under Mine Bilder på pc og under Bilder på Mac. Mappa vil til vanleg heite Lightroom.

Det er muleg å importere bilde frå ein Catalog til ein annan. Vel Import from Catalog frå menye File. Bla deg fram til mappa der "Lightroom.lrcat" ligg, klikk på filnamnet, og vel Åpne. Då vert bilda importert til Catalogen du har oppe når importen skjer.

Etterpå kan du slette den andre Catalogen, dersom du vil bli kvitt den.

Er du av dei som vil ha fleire Catalogar, bør du stille inn Lightroom slik at du blir spurd om kva for ein Catalog du vil opne, kvar gong du startar Lightroom. Slik kan du unngå å opne og jobbe med feil Catalog. Du gjer denne innstillinga i Preferences, som du finn i menye Edit på PC og Lightroom på Mac.