LightroomTips

Generering av Preview og yting i Lightroom

Catalog settings og Preview
Denne gongen presenterer eg eit litt grundigare tips knytt til innstillingar for Preview. Lightroom brukar previews til å vise bilda på skjermen. Du kan generere slike previews i forskjellige storleikar, Minimal, Embedded and Sidecar, Standard og 1:1. Dette kan gjerast ved import eller seinare, enten manuelt eller i det du arbeider med bilda. Innstillingar og korleis du gjer dette vil virke inn på ytinga i Lightroom, og det vil også virke på diskplassen du brukar. Les vidare for å finne ut meir om dette.
Etter diskusjon på Facebook med Thor-Erik Rødland og Tom Jarane har eg lest meir om temaet, og har lært mykje om dette.

Det kan sjå ut som eg har blitt feilinformert tidlegare på enkelte område. Tom Jarane har rett i at databasefila (lrcat), ikkje blir påvirka av previews. Lightroomdatabasen inneheld m.a. reglar om korleis bildet skal visast fram i Lightroom. Redigering av bilda blir altså lagra i databasen, og originalfila (bildet) forblir uendra. Databasen blir derfor påvirka av redigering av bilda.

Preview blir lagra i ein mappestruktur der databasefila er lagra. Mappa heiter «Catalognamn»Previews.lrdata, og har mange undermapper. Dette er cacheområdet for previews. Catalogfila mi er på 826 Mb, men cacheområdet er på meir enn 23 Gb, og eg har aldri generert 1:1 preview ved import. Det er lett å tenkje seg at den som genererer 1:1 preview ved import vil få eit langt større -preview.lrdata-område. Det kan bli mange titals gigabyte.

Dersom du ikkje genererer Standard-Sized eller 1:1 Preview ved import, kan du gjere det seinare. Det skjer automatisk etter kvart som du arbeider med bilda, eller du kan merke eit utval av bilde i Grid View og velje Preview > Render Standard-Sized Previews eller Render 1:1 Previews frå menyen Library.

Minimal og Embedded and Sidecar blir generert av kameraet. Standard-Sized og 1:1 blir generert av Camera RAW-motoren.

Dersom du allereide har generert 1:1 preview, t.d. ved import eller seinare, vil det betre ytinga i LR under arbeid med bilde. Dersom diskstorleik ikkje er eit tema, behold 1:1 så lenge du kan.
Hold storleiken på Standard preview så lav som muleg, dvs nærast muleg ned til breidda på skjermen din, men ikkje mindre. Dersom skjermen er på 1366x768, bør du velje 1440 pixlar i Catalog settings.

Du kan automatisk slette 1:1 preview basert på tida som har gått sidan sist du opna bildet. Du kan velje 1 dag, 1 veke, 1 månad eller aldri, men…. Når du brukar funksjonen Automatically Discard 1:1 Previews, vil berre previews som er mindre enn halvparten av previews i full storleik bli sletta. Dvs – dersom filene er 12 Mp (4288x2848) vil 1:1 preview bli sletta uansett kva alternativ du vel i catalog settings. Dersom filene dine er 6 Mp (3072x2048), så vil berre previews på 1440 eller 1024 pikslar bli sletta (1440 < 3072/2=1536). Preview på 1680 eller 2048 pikslar vil ikkje bli sletta.

Pass på at disken som inneheld cacheområdet har minst 20 % ledig plass.

Dersom du ser alle bilda i full storleik, og du har nok diskplass, kan det sjå ut som det er smart å generere 1:1 previews under import av bilda. Dersom du ser på eit mindre tal av bilda i full storleik, og det er litt knapt med diskplass, kan det vere smart å holde talet på 1:1 previews under kontroll.