LightroomTips

Endre storleiken på filmstripebilda

Juster breidda på filmstripa
Dersom du vil at bilda på filmstripa skal vere større eller kanskje mindre enn Adobe har bestemt for deg, kan du enkelt justere dette sjølv. Les vidare for å sjå korleis.
Før musa til kanten mellom filmstripa og verktøyrada ovanfor, f.eks. like over filnamnet.

Peikaren på musa skal då skifte frå den vanlege skråstilte oppoverpeikande pila til ei loddrett pil med spiss i begge ender opp/ned.

Klikk med venstre musknapp, og hold. Dra ned for å redusere storleiken på bilda i filmstripa og opp for å auke storleiken på bilda i filmstripa.

Dette fungerer likedan i versjon 3 og 4
Då skulle du kunne få det slik du ønskjer, sant ja?