LightroomTips

Make Second Copy - smart, fordi...

Innstilling for å sikkerheitskopiere bilda ved import
Alle er vi vel meir eller mindre opptatt av å ta vare på bilda våre på ein enkel og sikker måte. Med Lightroom 3 eller nyare kan du gjere det på ein utruleg enkel måte - uten at det krev ekstra tid av deg. I tillegg er det nokre nye eigenskapar med denne funksjonen frå LR3, som du vil sette veldig stor pris på. Slik ordnar du med smart sikkerheitskopi.

Retting januar 2013. Etter nye opplysningar frå Adobe i januar 2013 viser det seg at funksjonen ikkje er meint å fungere som varig sikkerheitskopi av bildefilene. Les kvifor under aktuelt , artikkelen "Second Copy er ingen sikkerheitskopi".
Ved import av bilde kan du sette hake ved Make Second Copy to… i File Handling-panelet, og Lightroom vil kopiere bilda til ei adresse som du oppgir. Pass på at adressa er på ein anna fysisk stasjon enn den du importerer bilda til. Dersom du gjer dette, får du to kopiar av alle bilda dine, noko du vil sette pris på den dagen disken din havarerer. (Eg har ved fleire høve sagt at vi har to typer menneske – dei som har hatt og dei som enno ikkje har hatt diskhavari, så skaff deg sikkerheitskopi jo før jo heller).

Så til noko av det som gjer denne funksjonen ekstra lekker.
  • Lightroom passar på å gjere bruk av filnamnet du beskriv i File Renaming-panelet.
  • I tillegg sender Lightroom med metadata du har lagt til i Apply during Import-panelet også.
  • På toppen av det heile bevarer Lightroom filestrukturen du spesifiserer i Destination-panelet.
Alt dette gjer at det er langt enklare å komme i gang etter eit diskhavari. Passar du på å ha oppdatert kopi av databasen ogs, kan du berre legge bilda tilbake på same plassen som før, opne databasen, og du er i gang att.

Retting:
I tidlegare versjonar av Lightroom vart dei same filene du importerte kopiert til ein disk og mappe du bestemte. I Lightroom 4 blir også filnamnet behandla på same måte som bilda som blir importert til Lightroom. Dvs at filnamnet blir endra på same måten på både arbeidsversjon og Second Copy. Meir enn det skjer IKKJE.