LightroomTips

Kronologisk sortering av bildefiler etter dato og tid

Mange ønskjer å sortere bildefilene i kronologisk tidsrekkefølge. Filnamn som inneheld årstal, måned, dato, sekvensnummer (og egen tekst) vil vanlegvis bli sortert i kronologisk tidsrekkefølgje. Utfordringa oppstår når du har fylt opp meir enn eitt minnekort same dagen. Lightroom vil vanlegvis starte sekvensnummereringa på nytt ved kvar import, så då kan rekkefølgja i nokre tilfelle bli blanda. Her er løysinga på denne utfordringa.
Dersom bildefilene inneheld alle elementa år, månad, dato, sekvensnummer og egen tekst, vil Lightroom starte sekvensnummer på nytt ved kvar import, dersom egen tekst er forskjellig frå import til import. Sidan bildefilene blir sortert etter filnamn, kan det hende nyare filer blir sortert før eldre. Dette kan løysast på to ulike måtar. Begge metodane fungerer i både versjon 3 og 4. Boka mi beskriv korleis du opprettar ein eigen mal for filnamn.

1
Etter import nr 1 legg du merke til det høgaste sekvensnummeret. Ved import 2, 3, osv legg du inn neste ledige sekvensnummer i panelet File Renaming, Start Number. Det er feltet etter Custom Text. Då vil filene bli sortert stigande etter år, månad, dato, sekvensnummer og eventuelt egen tekst.

2
Du kan også opprette eigen mal for filnamn, som inneheld år, månad, dato, time, minutt og sekund pluss eventuell Egen tekst. I dette tilfellet kan du sløyfe sekvensnummer. Filene vil bli automatisk sortert stigande etter filnamnet, som i dette tilfellet vil ivareta kravet til kronologisk tidsrekkefølgje.