LightroomTips

Nøkkelord hurtig og enkelt

Nøkkelord kan leggast til på bilda på fleire måtar. Når du har opparbeidd deg ei god liste med nøkkelord, vil du kanske synes det er tungvint å skrive om att kvart enkelt ord. Her er korleis du kan gjere det enklare.
I Library finst ein seksjon i det høgre sidepanelet, som heiter Keyword List. Den kan enkelt brukast til å tildele nøkkelord på mange bilde - samtidig.

Opne seksjonen Keyword List, og du ser ei alfabetisk liste med nøkkelord. Framfor nokre nøkkelord vil det kansje stå ein hake. Det betyr at aktivt bilde har dette eller desse nøkkelorda.

Før musa over eit nøkkelord, og klikk i sjekkboksen framfor nøkkelordet. Aktivt bilde får då tildelt dette nøkkelordet. På same måten kan du bruke nøkkelordlista til å fjerne nøkkelord, ved å klikke i sjekkboksen framfor eit nøkkelord med hake på.

Merk fleire bilde i Library Grid View, og klikk eit nøkkelord for å tildele nøkkelordet til alle dei merka bilda.

Når du fører musa over eit nøkkelord med hake på, vil du sjå ei kvit ramme rundt alle bilda i Grid View, som har dette nøkkelordet.

Bruk nøkkelord aktivt. Det er snarvegen til enkel og effektiv organisering av bilda i Lightroom.