LightroomTips

Ryddig katalogstruktur

Lightroom organiserer bilda for deg i ein eller anna mappestruktur ved import. Det er opp til deg å velje kva struktur du vil ha på disken din. Her er eit enkelt tips for å få ei systematisk, oversiktleg, kronologisk tidsrekkefølgje i mappestrukturen.
Mange importerer bilda til standardmappa "Mine Bilder", som Windows har oppretta ved installasjon (Bilder på Mac). Sjølv har eg valt å ha bilda på ein separat disk, noko som gjer det svært enkelt å flytte til ny maskin.

I importvinduet skal du velje mappe øvst til høgre, der Lightroom har eit lite skilt TO. Klikk der for å opne ein dialog der du kan velje disk og mappe.

I panelet Destination, litt lenger ned på høgre sida, kan du velje organisering "By Date" eller "Into One Folder". Vel du By Date, kan du også velje datoformat. Vel eit alternativ med berre siffer, for å få kronologisk tidsrekkefølgje. Vel du månad med bokstavar, vil april og august komme før januar. Datoformat med / (skråstrek) vil gi deg ein hierarkisk mappestruktur, som gir veldig god oversikt.

Into Subfolder let eg vanlegvis stå tom. Dette alternativet vil etablere eit nivå mellom mappa du valde i TO og årstalet, jf bildet.

Andre vil kanskje velje organisering Into One Folder, og så bruke Into Subfolder som undermappenivå.

Behovet avgjer, og det er viktig at du tenkjer over behovet ditt, og stiller inn Lightroom ut frå det. Uansett - det er sjølvsagt muleg å endre seinare, dersom du skulle ombestemme deg.