LightroomTips

Bilde eller mapper merka med ?

Kva betyr dette? Det kan vere fleire forklaringar til at det er ? ved ei mappe eller i øvste, høgre hjørnet av eit bilde. Dette tipset tek ein kort gjennomgang av forklaringar og løysingar. Sjå berre.
Spørmålstegnet kjem fordi Lightroom ikkje finn fila der den vart registrert ved import. Grunnane til at den ikkje er der lenger, kan vere fleire. Her er dei vanlege.

1. Den enklaste forklaringa er at fila ligg på ein ekstern disk, som for tida ikkje er kobla til datamaskina. Løysinga er å koble til disken, så forsvinn spørsmålsteiknet.

2. Fila er sletta utanfor Lightroom. du har brukt Windows Utforskar (Finder på Mac) til å slette fila. Ikkje gjer det, for LR trur framleis bildet er der, men finn det ikkje. Du kan vise det, men ikkje redigere det. Løysing: Gjenopprett fila til opprinnelig plassering, eller slett den frå LR.

3. Fila er flytta utanfor Lightroom. Du har brukt Windows Utforskar (Finder på Mac) til å flytte fila til ei anna plassering. Ikkje gjer det, for LR trur framleis bildet er der, men finn det ikkje. Du kan vise det, men ikkje redigere det. Løysing: Kopier den tilbake til opprinnelig plass, eller bruk LR sin funksjon til å lokalisere fila eller mappa.

Slik lokaliserer du eit flytta bilde. Klikk på spørsmålsteiknet når bildet blir vist i Grid View, og dialogen på bildet kjem til syne. Klikk på knappen Locate, for å opne ein miniutforskar, der du kan leite deg fram til riktig disk og mappe og fil. Når du har funne fila, klikk på den, og bildet er relokalisert i Lightroomdatabasen. Spørsmålsteiknet er borte.

Ikkje flytt bilde ved hjelp av Utforskar eller Finder, dersom dei er importert i Lightroom. Bruk heller panelet Folders i Library til å dra enkeltbilde eller mapper frå ei plassering til ei anna. Då forstår Lightroom kva som skjer, og det blir ingen problem.