LightroomTips

Flytt Bilde i Lightroom

Panelet Folders i modulen Library er som Windows Utforskar eller Finder, og fungerer nesten nøyaktig på same måte. Skal du flytte bilde importert i Lightroom, så bruk folders sine funksjonar, elles blir det krøll. Sjå meir om det tipset "Bilde eller mapper merka med ?"
Eg tek ofte opp att at Lightroom er eit databaseprogram, som berre held styr på kva bilda er lagra. Dersom du brukar andre verktøy enn Lightroom til å flytte på bilde som er importert i Lightroom, veit ikkje Lightroom lenger kvar bilda er, og det blir trøbbel. Her er korleis du kan unngå slik trøbbel.

Dersom eg vil flytte t.d. 3 bilde frå ei mappe til ei anna, som illustrert i dette bildet, gjer eg slik:

  • Opne modulen Library og panelet Folders.

  • Finn mappa som bilda ligg i, og klikk på den.

  • Merk dei bilda som skal flyttast i Grid View, t.d. tast Ctrl og klikk på dei aktuelle bilda.

  • Klikk med venstre museknapp på eit av dei merka bilda, hold og dra musa over i sidepanelet Folders til du lyser opp mappa som bilda skal flyttast til.

  • Vent eventuelt til skiltet "parkering forbudt" er borte, og slepp museknappen.

  • Bilda blir fysisk flytta frå ei mappe til ei anna, Lightroom registrerer endringa, og oppdaterer databasen - ingen trøbbel.


Du kan bruke same teknikke dersom du skal flytte ei eller fleire mapper. Skilnaden er at du må flytte ei og ei mappe om gongen.

Klikk på ei mappe i panelet Folders, og hold på museknappen, og dra mappa over til ei anna mappe. Når den andre mappa er markert, slepper du museknappen, og mappa med bilde og eventuelle undermapper blir flytta.

Dersom du skal flytte mapper eller bilde over til ein heilt ny disk, som ikkje tidlegare er brukt med Lightroom, må du først importere minst eitt bilde til den nye disken. Den blir då registrert i Lightroom, og synleg i panelet Folders i Library.