LightroomTips

Standard Kameraprofil - kjempesmart

I Lightroom og Camera RAW kan du bruke profilar til å automatisk generere bildevisingar slik du vil ha dei. Dette er ein enkelt måte å få RAW-bilde til å sjå litt betre ut – utan at du treng å løfte ein finger. Adobe har fleire profilar, t.d. ACR 4,3 og 4,4, men det finst også kameraspesifikke profilar. Sjå berre her.
RAW-filer er ikkje bearbeidde, slik JPG er, og ser derfor ikkje oppfriska ut. Enkelte vil seie dei er litt «flate» samanlikna med JPG. Når du importerer bilda i Lightroom, kan du få bilda til å automatisk sjå litt meir ut som JPG-bilde. Her har du korleis.

I panelet Camera Calibration i modulen Develop kan du velje ein kameraprofil. ACR er Adobe Camera Raw- profil, og alle profilar som startar med Camera, er kameraspesifikke. Heldigvis ser du berre dei som er aktuelle for ditt kamera.

Alternativa for bruk er fleire.
1. Vel kameraprofil etter import, og synkroniser alle bilde som skal ha den same profilen.
2. Lag Preset med kameraprofilar, og vel ein ved import
3. Set ein kameraprofil som standardprofil (Default)

Åtvaring, åtvaring!! Når du arbeider med preset eller default profile, MÅ du passe på at det ikkje er andre justeringar i bildet, elles blir dei med i profilen. Klikk derfor knappen Reset, før du vel ein profil.

Lag Preset.
* Klikk knappen Reset.
* Vel ein camera profile, t.d. Camera Standard
* Klikk + i panelet preset på venstre side av skjermen, og skriv inn namnet på profilen. *Opprett gjerne ei ny mappe å ha den i, t.d. Kamerprofilar
* Pass på at det berre er Camera Profile som er kryssa av i skjermbildet
* Klikk Create, og profilen er oppretta.
* Gjer tilsvarande for så mange profilar du vil opprette, t.d. Camera Landscape, Camera Vivid og Camera Portrait.
Når du skal importere bilde til Lightroom, kan du velje blant desse i Develop Settings i panelet Apply During Import.

Set Default
Dersom du vil ha ulike standardprofilar for ulike typer bilde du importerer, kan du opprette import-preset, som inneheld ulike kameraprofil, t.d. ein for portrett og ein for landskap.

Dersom du ikkje vil holde på med dette, kan du i staden velje ein kameraprofil som standardprofil. NB!! – hugs å resette bildet før du vel profil, slik at ikkje andre justeringar blir gjort samtidig. Det vil vere litt dumt dersom alle bilde du importerer skulle bli klipt og gjort om til ståande.

* Vel ein profil, t.d. Camera Standard
Gjer eit av følgjande.
* Vel «Set Default Settings…» frå menyen Develop i modulen Develop eller
*. tast Alt og klikk Set Default… heilt nedst til høgre i skjermen. (det står ikkje den teksten på knappen før du tastar Alt).

I Edit Preferences kan du velje at du skal ha spesifikke presets for kamera serienummer og kamera ISO-innstilling.