LightroomTips

Organisering i mapper

Article text
I panelet Destination på høgre sida av importvinduet vel du korleis mappene du importerer bilda til skal organiserast. Dersom du vel alternativet Into one folder, slenger Lightroom bilda inn i ei mappe – Mine bilder, Mine Lightroombilde eller kva du har valt i TO øvst til høgre i importvinduet. Du får alle bilda i same mappa, og det kan fort bli ganske rotete.

Når du vel Into one folder, vil eg tilrå at du set hake for Into Subfolder og gir denne mappa eit namn kvar gong du importerer. Då blir kvar enkelt import organisert i ei undermappe under den målmappa du valte øvst til høgre (under TO) i importvinduet.