LightroomTips

Valider DNG-filene dine

Article text
Du finn funksjonen Validate DNG i Library, ved å opne menyen Library. Den søkjer gjennom DNG-filene i bildesamlinga di på leiting etter filer med feil.

Funksjonen Validate DNG er aktuelt når bilde blir kopiert frå ein disk til ein anna, eller ved andre kopieringsoppgåver. Den er også nyttig dersom du vil sjekke om den originale bildefila har blitt endra. Dersom nokon bildedata i fila har blitt endra, veit du at noko har gått gale, og kan ta affære før det skjer meir gale.

DNG-filer inneheld mykje anna informasjon enn berre bildedata. Dette er EXIF, IPTC, AUX, RDF, osv. Dersom du legg til IPTC-informasjon i Lightroom (slik som tittel, GPS, adresse, epost, osv), er det berre denne informasjonen som blir endra. Sjølve bildedata i ei DNG-fil skal aldri bli endra.

Sjølv når du redigerer DNG-fila i Lightroom, blir ikkje bildedata i DNG-fila endra. Justeringane blir lagra som instruksjonar, mens opprinnelige bildedata er uendra. Lightroom hentar bildedata og legg til instruksjonane, og saman dannar desse to ei framvising av bildet i Lightroom eller Photoshop.

Valideringsfunksjonen i Lightroom sjekkar ganske enkelt om bildedata i DNG-fila er uendra, slik dei skal vere.