LightroomTips

Fleire databasar? Vurder det

Article text
Lightroom kan handtere alle bilda dine i ein og same database, men kan fungere tregare med mange titusenvis av bilde i same basen.

Fotografar som arbeider på oppdrag for andre, kan t.d. ha ein database for kvart oppdrag eller kunde. Mange slike databasar vil naturleg nok inneholde nokre få tusen bilde, og Lightroom vil prestere på topp. Vel New Catalog frå menyen File for å opprette ein ny database, set inn namnet på basen, og klikke Create. Lightroom vil starte om og vise ein tom skjerm, og du kan starte med å importere bilde til den nye databasen.

Det blir som å starte med heilt blanke ark, ingen Collections, ingen Keywords eller andre innstillingar frå den andre basen. Du kan importere keywords frå anna database.

Dersom du bestemmer deg for å organisere bilda dine i fleire databasar, er det smart å velje eit oppstartsalternativ, som tvingar deg til å velje database kvar gong du startar Lightroom. Det vil hindre at du importerer bilde til feil database. Vel Preferences frå menyen Lightroom på Mac (Edit på PC), opne nedtrekkslista Default Catalog i fanekortet General, og vel alternativet ”Prompt me when starting Lightroom.” Kvar gong du startar Lightroom, vil du kunne velje kva for ein database du skal arbeide med.
Opne nylig brukt database

Opne nylig brukt database
Når du skal skifte Catalog i løpet av arbeidet, vel du berre "Open Recent" frå menyen File. Klikk på den databasen du vil arbeide med i nedtrekkslista, så vil Lightroom starte om og opne den valte databasen.