LightroomTips

Ikkje importer duplikat

Article text
Lightroom kan oppdage om bilde er importert tidlegare, sjølv om du har endra namnet på fila under import - så kjekt. Kvar gong du importerer bilde, kan du endre innstillingar, men desse blir hugsa til neste gong su skal importere.

Når du opnar importvinduet, ser du at skjermbildet har både venstre og høgre sidepanel, og det høgre sidepanelet har fleire underpanel.
  • Opne panelet File Handling i høgre sidepanel.
  • Set hake i sjekkboksen Don´t Import Suspected Duplicates

Dersom kortet inneheld bilde som du har importert tidlegare, kan du legge merke til at den vesle sjekkboksen i kvart miniatyrbilde, der du kan huke av om bildet skal importerast eller ikkje, blir borte på alle bilde som har blitt importert før, jf bildet. Bildet til venstre har ikkje vore importert før, mens bildet til høgre allereie finst i Lightroomdatabasen.

Prøv å fjerne haken for Don´t Import Suspected Duplicates, så ser du at alle bilda på kortet får sjekkboks, og du kan importere same bildet på nytt og på nytt og på nytt.

Det er god rutine å formatere kortet for kvar import, men dersom du ikkje gjer det, er det viktig at du brukar sjekkboksen Don´t Import Suspected duplicates.

Ein situasjon der du ikkje vil formatere kortet mellom kvar import, kan t.d. vere når du er på reise over fleire dagar, og ikkje ønskjer å tøme kortet før du kjem heim. På reise er risikoen for å misse bilde av ulike årsaker større enn elles.