LightroomTips

Kvar har du sikkerheitskopien din?

Article text
Lightroom kan ta kopi av databasefila, MineLightroombilde.lrcat, som inneheld alle lenker til bilde i Lightroom, alle nøkkelord, alle redigeringar du har gjort, Collections, virtuelle kopiar og alt anna du har hatt føre deg i Lightroom. Det er lagt ned mykje arbeid, som du neppe vil miste. Du kan sjølv velje kor ofte du vil ta backup. Lightroom tek ikkje kopi av bildefilene dine, så det må du passe på å gjere med programvare som passar til ei slik oppgåve.

Du finn kvar databasefila er lagra, ved å opne Catalog Settings, som du finn under menyen Edit på Windowsmaskin og menyen Lightroom på Macmaskin. Dersom du ikkje har valt noko anna, er plasseringa denne: C:\brukere\ditt-brukarnamn\Mine Bilder\Lightroom på Windowsmaskin. Tilsvarande plassering på Mac vil vere C:\Brukere\Ditt-brukarnamn\Bilder\Lightroom.

Sikkerheitskopien blir for sikkerheits skuld i utgangspunktet lagt i mappa under, i Backup - smart. Når (ikkje dersom, men når) disken din havarerer, misser du med andre ord både original og sikkerheitskopi, noko du sikkert ville sett svært lite pris på. Så - korleis fiksar du det?

Slik:
Har du ein anna fysisk disk, så bruk knappen Choose i Backupvinduet til å velje ein plass på den, slik eg har gjort, jf bildet.
Har du ikkje ein anna fysisk disk, så skaff deg ein. Koble til og bruk knappen Choose i Backupvinduet til å velje ein plass på den.

Boka mi omtaler dette temaet ganske grundig, så kjøp gjerne den, for å finne meir detaljar om innstillingar og framgangsmåte.