LightroomTips

Importer med dra og slepp

Article text
Den vanlege metoden å bruke ved import, er knappen med same namn i Library, men der finst ein smartare måte. Bruk filbehandlaren Finder for Mac eller Utforskaren i Windows til å finne fram bilda du vil importere til Lightroom. Merk så mange du vil importere. Det kan vere bilde på eit minnekort, på skrivebordet, ein ekstern disk eller ei mappe på bildedisken. Drag dei og slepp dei over ikonet til Lightroom og slepp.

Dette startar opp Lightroom, og det opnar importvinduet. Her ser du fordelene ved å bruke denne metoden for å importere.
  1. Som kildemappe har Lightroom automatisk plukka ut den mappa som bilda ligg i.
  1. Berre det eller dei bilda du merka og slepte over ikonet er merka/avhuka for import. På den måten blir alle andre bilde i mappa ignorert ved denne importen. Berre dei du merka i Finder/Utforsker blir importerte.