LightroomTips

Før og etter-vising svart/kvitt

Article text
Du kan ikkje berre klikke før/etter-ikonet på verktøyrada for å vise eit svart/kvittbilde før og etter justeringar. Gjer du det, vil bildet til venstre vise som fargebilde – eit dårlig grunnlag for å vurdere finjusteringar av svart/kvitt. Her er løysinga på korleis du får til dette.

Konverter fargebildet til svart/kvitt. Like etter kan du gjere ein av to. Personleg likar eg best den siste metoden.
  1. Lag eit snapshot av bildet straks det er konvertert til svart/kvitt. Då kan du alltid vise bildet som snapshot, fordi snapshot ikkje blir endra. Snapshot er ein vising av bildet på det tidspunktet snapshot vart laga.

  2. Eller - Lag ein virtuell kopi av det nyleg konverterte svart/kvittbildet. Rediger den virtuelle kopien. Når du klikkar på Før/etter-ikonet, vil bildet til høgre vise den redigerte versjonen av den virtuelle kopien, og til venstre ser du svart/kvittbildet slik det var etter konvertering til svart/kvitt, men før redigering.
Du finn meir om redigering av bilde, inklusiv eit heilt kapittel om portrett, men også generell redigering og problematiske bilde i boka Lightroom 4 - Enkelt forklart, som kan bestillast på denne nettsida.