LightroomTips

Import - Vis Importskjermbildet automatisk

Article text
Kvar av oss har sin eigen arbeidsflyt, og eigne vaner. Heldigvis kan vi i stor grad få Lightroom til å tilpasse seg våre ønskje, t.d. ved import av bilde.

Innstillinga for korleis Lightroom skal reagere når kamera eller minnekort blir kobla til datamaskina finst i Preferences. Vel Preferences frå menyen Edit på Windowsmaskin eller Lightroom på Mac. Når fanekortet General er aktivt i Preferences, ser du ein sjekkboks ca midt på skjermbildet, i blokka Import Options.

Show import dialog when a memory card is detected
  • Set du hake I denne sjekkboksen, vil importskjermbildet starte automatisk når Lightroom oppdagar at du koblar til minnekortet.
  • Uten hake I sjekkboksen bestemmer du sjølv når du skal starte importskjermbildet

Ver oppmerksom på dette. Dersom du koblar til ein minnepinne, vil Lightroom tru det er ei minnebrikke eller kamera, og startar øyeblikkelig opp importskjermbildet. Det skjer ikkje berre dersom Lightroom er i drift. Tilkobling av minnekort, kamera eller USB minnepinne vil starte opp Lightroom og opne importskjermbildet. Det er snedig, men kan sikkert virke irriterande nokre gonger. Kanskje du berre koblar til minnepinne for å kopiere nokre dokument eller andre filer, og så startar Lightroom! Eg berre nemner det.

På Windowsmaskin lagrar du innstillinga ved å klikke OK i Preferences, nedst til høgre. På Mac lukkar du berre skjermbildet med å klikke på det raude krysset i øvste, venstre hjørnet.