LightroomTips

Lag dine egne standardinnstillingar

Article text
Korleis sette eigne standardinnstillingar
JPEG-bilde blir behandla i kameraet, der det vert tilført både kontrast, fargemetting og skarping. Dette skjer ikkje med RAW-bilde. Derfor ser RAW-bilda litt daffe ut i fargen, samanlikna med JPEG.

Kanskje vert bilda dine litt undereksponerte, slik at du alltid aukar eksponeringa litt i Lightroom. Det er berre ein vane du har eller ein konsekvens av innstillingar du brukar. Dette er berre eksempel, og den enkelte av oss har ulike rutiner. Då er det fint at Lightroom kanskje kan utføre enkelte rutiner ganske automatisk.

Slik lagar du dine eigne Standardinnstillingar
Finn eit bilde som er representativt for fleirtalet av bilde, og opne Developmodulen. Klikk knappen Reset i nedste, høgre hjørnet av høgre sidepanel. Det er viktig at du gjer dette, for å fjerne alle utilsikta innstillingar, og nullstille alle.

Gjer så dei innstillingane du oftast gjer, eller som du vil at Lightroom alltid skal gjere, kvar gong du importerer bilde. Det kan t.d. vere ein svak auke av Exposure, liten auke av Whites, svak reduksjon i Highligts, litt meir Blacks, liten auke av Shadows og Clarity. Dette vil gje eit meir kontrastrikt bilde.

Det neste og siste steget er å gjere desse innstillingane til standardinnstillingar. Då vil dei bli utført på alle bilde du importerer i framtida, heilt til du gjer ei tilsvarande endring som dette. Tast Alt, og du ser at knappen Reset i nedste, høgre hjørnet av høgre sidepanel endrar tekst til «Set Default…»

Klikk knappen Set Default.. for å gjere gjeldande innstillingar til standardinnstillingar for framtidig import av bilde til Lightroom.

Gjenopprette Adobe Standardinnstillingar
Klikk knappen Reset i Develop. Tast deretter Alt og klikk Set Default, så gjenopprettar du Adobe sine standardinnstillingar.