LightroomTips

Kom igang med Lightroom Mobile

Article text
Foreløpig er Lightroom mobile tilgjengelig for iOS, dvs iPad. Programvaren gjer det muleg å synkronisere bildesamlingar i Lightroom mellom datamaskiner som køyrer Lightroom mobile og siste versjon av Lightroom 5, og er knytt til same Adobe konto. Synkroniseringa skjer via din konto på mobile.adobe.com, som har plass til 20 Gb.

Kva er Lightroom Mobile, kva treng du?
Lightroom mobile er ein versjon av Lightroom som kan køyre på iPad, og som har den eigenskapen at det kan synkronisere mot din Adobe konto. Når du har ei stasjonær/berbar maskin, som har aller siste versjon av Lightroom 5 via Creative Cloud (CC) og ein iPad med Lightroom Mobile, kan du synkronisere dei to via din Adobe konto. Lightroom mobile er tilgjengelig gjennom CC.

Korleis fungerer dette i praksis
Redigeringar du gjer på den stasjonære/berbare blir synkronsert til iPad, og redigeringar du gjer på iPad, blir synkronisert til den stasjonære/berbare.

Når du opnar Lightroom etter at siste versjon/mobileversjonen er installert, kan du legge merke til Identity Plate i øvste, venstre hjørnet, der det no står «Get started with Lightroom Mobile». Ved enden av teksten er der ei pil, som gir tilgang til ein meny, der du kan logge på eller opprette ein konto å synkronisere mot.

Identity plate har fått ein ny funksjon i nyaste Lightroom og Lightroom Mobile, jf bildet ovanfor.

Klikk pila for å opne menyen, der du kan opprette konto eller logge på ein eksisterande konto. Klikk Sign in…

Dette gjer du enten du skal logge på kontoen din eller opprette konto.

Slik opprettar du konto.
Klikk Create Account, og skriv inn epostadressa som Adobe ID, eit sikkert passord, namn, adresse, osv i alle felta i skjermbildet der du opprettar kontoen din. Avslutt med å klikke Create, og kontoen blir oppretta, jf skjermbildet nedanfor.







Slik loggar du inn på kontoen din frå Lightroom

1. Klikk på Identety Plate
2. Klikk Sign In
3. Skriv inn din Adobe ID
4. passord
5. Klikk Sign In







Når du har logga på, kan du starte å synkronisere bildesamlingane dine. Første steg er å opprette ei vanleg bildesamling (Collection). Smart Collection kan ikkje synkroniserast.

Slik opprettar du ei bildesamling, og synkroniserer den
Merk bilda du vil ha med i ein Collection, klikk på + i Collections, og vel Create Collection. Skriv namnet på bildesamlinga, og klikk Create (Mac), for å opprette og samle dei merka bilda i Collection.






Legg merke til ein liten sjekkboks lengst til venstre på rada for den nye bildesamlinga. Klikk i sjekkboksen, og Lightroom startar å synkronisere bilda i bildesamlinga opp mot kontoen din. Smart Collections har ikkje denne sjekkboksen, og kan derfor ikkje synkroniserast.







Når du startar opp Lightroom på den andre maskina di, og loggar på slik som vist ovanfor, vil den starte å synkronisere bilda på Adobekontoen ned på maskina. Dersom du opprettar ei bildesamling på den, og merker den for synkronisering, vil synkronisering starte. Endringar du gjer i bilda blir synkronisert begge retningar, via Adobekontoen.

Gje gjerne ein kommentar i gjesteboka eller på Facebook, dersom du syns dette tipset ga deg noko. Du kan også stille spørsmål.