LightroomTips

Kreativ med bilderammer I

Article text
I Developmodulen har panelet Effects funksjonen Post Crop Vignetting, som er tenkt til å legge til effekter i bildet, t.d. lys eller mørk gradering mot kantane. Effekten kan også brukast til å legge på ei enkel bilderamme, som kan justerast frå lys til mørk. Hjørna blir svakt avrunda. Det er begrensa mulegheiter for å justere breidda på ramma.

Slik gjer du for å lage ei bilderamme
Opne Developmodulen, og vel bildet du vil ha ramme på. Opne så panelet Effects, og start justeringane av ramma.
Style kan vere Highlights Priority, Color Priority eller Paint Overlay. Prøv deg fram for å finne den beste stilen etter din smak.
Amount avgjer kor mørk eller lys ramma skal vere. 0 gir inga ramme, -100 svart og + 100 kvit ramme. Set du Amount til omkring 15 + eller -, vil bildet vise gjennom ramma.
MidPoint avgjer kor nær bildekanten ramma skal vere. 100 gir ingen ramme, mens 0 gir den breiaste ramma.
Roundness styrer kor stor diameter hjørna skal rundast av med. -100 gir den minste avrundinga, mens + 100 gir ei sirkelrund ramme.
Feather gir hard (0) eller mjuk (100) overgang mellom ramme og bilde.
Highlights kan brukast til å vise høglys i bildet gjennom ramma. Drag lenger mot høgre for å forsterke høglysa gjennom ramma.

Dette tipset fungerer i både Lightroom 4 og 5.


Her er mjuk overgang og større avrunding.


Minimal runding av hjørne og hard overgang

Eit anna tips vil tek føre seg bruk av Printmodulen for å skape meir kreative bilderammer.