LightroomTips

Kreativ med bilderammer II

Article text
Bilderammer i Printmodulen får du til ved å bruke panelet Image Settings i Printmodulen.

Det første eg vil vise, er Photo Border og Inner Stroke.
  1. Photo Border legg til ei kvit ramme rundt bildet, og du kan oppgje kor mange punkt brei bilderamma skal vere.
  2. Inner Stroke legg til ei ramme rundt bildet, der du kan bestemme kor mange punkt brei ramma skal vere og om den skal ha ein farge du vel.
  3. Dersom du brukar begge, vil Inner Stroke bli plassert nærast bildet, og Photo Border nærast bildekanten.

Slik legg du til Photo Border

Første skritt er å opne modulen Print, velje storleik på utskrifta i Page Setup (viktig), velje Custom Package i panelet Layout Style, og så plassere bildet du vil skrive ut på arket.

Set hake i sjekkboksen Photo Border, og dra skyvebrytaren Width til ønska tal punkt, eller skriv inn tal punkt i feltet til høgre for glidebrytaren. Du ser bilderamma i bildet samtidig med at feltet Width er oppdatert.

Slik legg du til Inner Stroke
Set hake i sjekkboksen Inner Stroke, og dra skyvebrytaren Width til ønska tal punkt, eller skriv inn tal punkt i feltet til høgre for glidebrytaren. Du ser bilderamma i bildet samtidig med at feltet Width er oppdatert.
Du kan sette farge på Inner Stroke-ramma ved å opne fargepaletten til høgre i Inner Stroke og klikke på ein farge. I utgangspunktet viser berre gråtonar i fargepaletten, men klikk på stolpen i høgre kant, så kjem fargepaletten til syne. Du stengjer fargepaletten ved å klikke på krysset i øvste, venstre hjørnet.

Du kan kombinere Photo Border og Inner Stroke ved å sette hake i begge sjekkboksane. Photo Border blir plassert ytterst mot bildekanten, og Inner Stroke blir plassert mellom bildet og Photo Border.

Ingen av desse klipper bildet, men skuar bildekanten innover.

Til slutt kan du skrive bildet ut til Printer eller Fil. Når du vel Print To JPEG File i panelet Print Job, kan du velje Resolution, oppskarping, media type og komprimering (JPEG-quality). Vel 100 for filer som skal skrivast ut, og ned mot 50 for filer som skal lastast opp til internett.


Slik kan det sjå ut når du kombinerer Photo Border og Inner Stroke.
-

Kollasje med Inner Stroke farga ramme