LightroomTips

Kreativ med bilderammer III

Article text
Lag bilderamma
Vannmerke-barn-lite
Dette er første steget. Dette kan gjerast på fleire måtar. Du kan t.d. teikne ein clipart sjølv, som du skannar eller fotograferer, du kan redigere eit bilde, eller du kan kjøpe eller laste ned fri clipart frå internett.

Både jpeg og png-formatet fungerer, men eg likar oftast å bruke png, fordi dette kan ha gjennomsiktig bakgrunn. Då kan bilderamma leggast over bildet, og deler av den kan strekke seg inn over bildet. I nokre tilfelle kan det vere fint. Dersom bildet er jpeg, må vannmerket leggast bak bildet, elles vil bildet ikkje vise.

Bildet du skal bruke til vannmerke, må vere like stort og ha same formatet som utskrifta av bildet det skal brukast på. Dersom bildet skal skrivast ut i liggande A4, må vannmerket også ha dette formatet.


Lag eit vanmerke
LagVannmerke
Du kjenner nok til korleis du lagar vannmerke, for å ha signatur på bilda. Du skal no gjere det same, men bruke eit bilde, og bildet skal danne bilderamme, så rart som det ser ut.
I Printmodulen kan du starte redigering av vannmerke ved å sette hake i sjekkboksen Identity Plate i Panelet Page. Vel eit foto, helst eit png-bilde som passar til bildet du skal ramme inn. Lagre vannmerket med eit namn som gjer at du seinare forstår kva innholdet er.

.

Ta i bruk Vannmerket
VelgVannmerke
Opne Printmodulen og vel sideoppsett (Page Setup), som passar med storleiken på vannmerket du skal bruke til denne utskrifta, t.d. liggande A4. Deretter vel du Custom Package, og legg bildet du vil skrive ut inn på utskriftsflata midt på skjermen.

I panelet Page set du hake i sjekkboksen for Identity Plate. I nedste, høgre hjørnet opnar du for å velje eller redigere vannmerke. Når du har valt vannmerke, kan du tilpasse det ved å klikke og dra det på plass, eller tilpasse hjørna, ved å klikke og dra i hjørna på vannmerket. Dersom vannmerket ditt er ei JPEG-fil, må det sette hake i sjekkboksen Render Behind Image, elles vil vannmerket dekke bildet. I dette tilfellet skalerer du bildet til å passe innafor bilderamma.

Bilderamme-pianist

.
BilderammeEksempler