LightroomTips

Nullstill (Reset) som varer

Article text
I Lightroom kan du alltid komme tilbake til eit bilde og ha mulegheita til å nullstille redigeringa. I Photoshop eller andre bildeprogram kan du angre berre dei siste handlingane. Når du lukkar fila, lukkar du også angremulegheitene. I Lightroom spelar det inga rolle om du kjem tilbake etter ein time, eit år eller ti år. Du kan alltid nullstille redigeringa.

Du har kanskje redigert deg bort, og veit ikkje heilt korleis du skal rette «feilen» eller komme tilbake der du var? Ver ikkje engstelig. Der er fleire mulegheiter til å starte om att i Lightroom, «Reset». Bildet til denne artikkelen viser utdrag av høgre sidepanel i Developmodulen i to versjonar. Slik fungerer «Reset».

1
Knappen nedst i høgre sidepanel nullstiller all redigering du har gjort, og fungerer like godt på virtuelle kopiar som på originale. Bildet blir slik det var på minnebrikka.

2
Mindre drastisk er det å nullstille ein enkelt brytar eller ei gruppe brytarar. Slik kan du nullstille ein brytar. Dobbeltklikk på namnet til brytaren eller på sjølve glideknappen, t.d. «Shadows», jf raude sirklar lengst til høgre i bildet. Dette stiller brytaren tilbake til utgangspunktet.

Slik nullstiller du ei gruppe brytarar. Dobbeltklikk på namnet øvst i ei gruppe, t.d. «Tone» eller «Presence». Dobbeltklikkar du på «Tone», nullstiller du frå og med «Exposure» til og med «Blakcs», og ingenting anna.

3
Endå eit alternativ finst, dersom du vil nullstille ei gruppe brytarar. Tast og hold ALT-tasten, og legg merke til at «Tone» i Basicpanelet blir endra til «Reset Tone», jf det innlimte sidepanelet. Klikk på «Reset Tone», for å nullstille brytarane frå og med «Exposure» til og med «Blakcs».

4
Til slutt kan eg berre kort nemne panelet History i venstre sidepanel. Der kan du klikke på ei av radene i historikken, for å sjå korleis bildet såg ut akkurat då.