LightroomTips

XMP eller ikkje XMP - ikkje eit enten eller!

Kva er ei XMP-fil?
Jau – XMP sidefil er ei XML-fil (tekstfil med bestemt struktur) som bli lagra i lag med bildefila, og har same namn som bildefila. Hugs at Lightroom er det vi kallar «non-destructive editing», som betyr at originalen (negativet) ikkje blir endra. Endringar gjort i Lightroom blir lagra i catalogfila, men XMP kan ta vare på visse endringar du gjer i Lightroom. Dersom bildefila er ei JPEG, DNG, PSD eller TIFF, blir metadata lagra i bildefila, men elles blir det oppretta ei XMP-fil, som tek vare på enkelte endringar. Når metadata er lagra i lag med bildefila, kan endringane visast i ein anna Lightroom catalog eller i eit anna dataprogram, som kan lese XML-data frå XMP-fila. Du kan få Lightroom til å lagre endringane automatisk, eller du kan gjere det ved behov. Merk at Lightroom kan bli bittelitt tregare dersom du har påslått automatisk skriving av metadata til fil.

Enkelte brukar funksjonen Save Metadata to File, for å vere sikker på å ta vare på alle endringar, utan å vere avhengig av databasen. Enkelte oppfattar det også slik at alle endringar blir tatt vare på i XMP-fila, men det er ikkje riktig. Det kan bli ei fallgruve, som kan vere alvorleg i den rette situasjonen.

Kva blir ikkje lagra i XMP
Nokre nøkkelopplysningar blir berre lagra i databasen. Det betyr at desse kan takast vare på berre dersom du gjer bruk av funksjonen Export As Catalog og Import from another Catalog, som finst på menyen File. Når du brukar Export as Catalog, blir det oppretta ein heilt ny Lightroomdatabase med eigen Catalog, previewdata, kopi av bildefiler og alt som er i ein komplett Lightroomcatalog.

History
XMP tek vare på den noverande redigeringssituasjon for fila, dvs situasjonen slik den var då du skreiv metadata til fil. Alle endringane du gjorde fram til då du kopierte metadata, og som er lagra i History, finst i databasen.

Virtual Copy
XMP tek vare på redigering av originalfila. Det blir oppretta berre ei XMP-fil for kvar bildefil, og den inneheld redigering av originalen. Redigering av virtuelle kopiar finst i databsen.

Pick Flag
Rangering med stjerner finst i XMP-fila, men Flag as Pick og Flag as Rejected finst berre i databasen.

Collections og Stack
Collections og andre grupperingar av bilde er også databasestoff, som ikkje blir lagra I ei XMP-fil.

Avslått redigering
Kanskje du har gjort justeringar i bildet, men slått av dette med den vesle knappen til venstre i kvart panel i Developmodulen? Knappen er liten, med ei mørk og ein lys del, og kan brukast til å slå av og på innstillingane i eit panel, mest som før- og ettervising av bilde. Er den av, blir redigeringane ikkje lagra i XMP-fila.

Men kva blir egentlig lagra i XMP?
Det var mykje om saker som ikkje blir lagra, men her er det som virkelig blir lagra.

Exif/Copyright/Keywords
Sidan Lightroom ikkje endrar RAW-fila, blir metadata som vart oppretta då desse filene vart oppretta også bevart I RAW-filene. Det gjeld alle data som kjem frå kameraet, slik som blendar og lukkar, kamera og objektiv, tidspunkt, blitsbruk, osv. Dersom du legg til eigne data ved import, t.d. opphavsrett, namn, adresse og liknande, blir dette lagra i XMP. XMP inneheld også nokre metadata, og overlappar RAW-fila delvis, og viser endringar du har gjort av originale RAW-filattributtar. Dette kan vere opphavsrett, tid då bildet vart tatt og nøkkelord. Dersom du har Metadata Preset, blir alle data i desse også lagra i XMP
.
Endringar gjort i Develop
Alle justeringar du har gjort i bildet blir lagra i XMP, så sant dei ikkje er avslått, slik som beskreve ovafor.

Snapshot
Dersom du har laga snapshot i Lightroom, så blir developinnstillingane for kvar enkelt snapshot faktisk lagra i XMP.

Konklusjon
Om eg skal prøve meg på ein liten konklusjon, så må det vere å samanholde desse opplysningane med din arbeidsflyt, og så avgjere om XMP-data er tilfredsstillande sikkerheit for deg. Eit obs set eg dersom du gjer stor bruk av Virtuelle kopiar. Det er kanskje ikkje eit spørsmål om enten eller.

Uansett korleis du arbeider – ta alltid kopi av databasen din regelmessig, og særlig dersom du gjer store endringar. Backup av databasen lagar ein eksakt kopi av basen på kopieringstidspunktet, og denne kan du når som helst opne i Lightroom, og så justere kursen vidare. Hugs å legge sikkerheitskopien på ein anne disk enn originalcatalogen.

Opplysningane i dette tipset er delvis henta frå Adobe og Lightroomfanatic.com