LightroomTips

Juster og vis filmstripe og sidepanel

I Lightroom er der i alt sju modular, og i alle modular er der panel på begge sider av skjermen (sidepanel) og øvst og nedst (modulveljar og filmstripe). Alle desse kan visast og skjulast uavhengig av kvarandre, men breidda på dei kan også justerast. Her viser eg korleis du kan justere filmstripa.
Filmstripa
Når du justerer breidda på filmstripa, justerer du også kor store bilderutene i filmstripa skal vere. Med denne funksjonen kan du bestemme kor stor del av skjermen som skal brukast til bilde, enten det er i Library eller nokon av dei andre modulane.

Før musa til kanten av filmstripa, slik at du får ei dobbelpil med strek tvers over. Klikk, hold og dra oppover for å gjere filmstripa breiare. Dra nedover for å gjere den smalare.

Slik skjuler eller viser du filmstripa.
Midt på underkanten av skjermbildet ser du ein trekant, som peikar nedover. Klikkar du på den, blir filmstripa skjult, og trekanten peikar oppover. Det finst ein hurtigtast for dette, som er F6. Modulveljaren sin hurtigtast er F5, og sidepanela F7 og F8.

Supre tastatursnarveier
Tast TAB (tasten til venstre for bokstaven Q) for å vise eller skjule begge sidepanela samtidig.
Tast Shift+TAB for å vise eller skjule alle panela samtidig.