LightroomTips

Rediger bilde på reise

Article text
Det fins mange ulike oppsett hos brukarar av Lightroom. Eit par vanlege eksempel er:
Ei berbar datamaskin er kobla til eksterne diskar eller kanskje eit nettverk med bildelager.
Hovedlageret er på ei stasjonær datamaskin, og ei berbar blir brukt til reise.

Her skal eg gjere eit forsøk på å overflatisk formidle nokre eksempel på korleis dette kan løysast. Ikkje alle alternativa er like godt dokumenterte, og det fins sikkert andre alternativ. Behovet og omfanget spelar inn på kva du kan eller bør bruke.

Kopiere bildefiler – og XMP
All redigering i Lightroom blir lagra i databasen – bildefilene vert ikkje endra. Derfor er det ikkje nok å kopiere bildefilene. Noko må gjerast i tillegg. Ei løysing kan vere å skrive metadata til fil. Då vert data om redigering oppbevart i lag med bildefila, i tillegg til catalogfila. Dersom bildefila er ei kameraspesifikk RAW-fil, vert det oppretta ei tilleggsfil, ei lita tekstfil med same namn som RAW-fila. Dersom bildefila heiter ”Bildefil.NEF”, vil sidefila heite ”Bildefil.XMP” Den inneheld XML-data om redigering, nøkkelord og enkelte metadata, som ikkje er lagra i RAW-fila. Dersom originalfila er JPEG, PSD, TIFF eller DNG, blir metadata lagra i sjølve bildefila.

Med denne metoden kan du kopiere Bildefil.NEF og Bildefil.XMP til ei anna maskin, importere den til Lightroom og lese metadata frå fil. Då vil bilde bli vist på same måten på begge maskiner.

Dersom Bildefil.NEF finst i ein Lightroom catalog på ei anna maskin, kan du kopiere berre Bildefil.xmp inn i same mappa som Bilefil.NEF på den andre maskina, og så lese metadata frå fil. Også i dette tilfellet vil bildet bli vist likt på begge maskinene. I slike tilfelle gjeld det å vete kva versjon som er den ferskaste.

Dette inneber at du kan redigere bildet på ei berbar maskin, skrive metadata til fil, ta xmp-fila med tilbake til den stasjonære, og så lese metadata frå fil. Då blir metadata lest inn i databasen, og den stasjonære blir oppdatert med endringane som vart gjort på den berbare maskina. Bildet blir vist likt på begge.

Merk at denne metoden fungerer berre på originalfiler. Det blir oppretta berre ei XMP-fil for kvar bildefil. Virtuelle kopiar er ikkje eigne bildefiler, men virtuelle kopiar. Opplysningar om redigering av virtuelle kopiar blir ikkje lagra i XMP.

Export as Catalog/Import from another Catalog
Eit anna alternativ er å eksportere bilda du skal ha med som ein ny Lightroom Catalog. I dette tilfellet opprettar Lightroom ein ny Catalog, og dei originale bildefilene blir kopierte, samtidig som den nye Lightroomcatalogen blir oppretta. Når alt dette blir lagra på ein ekstern disk, kan den takast med til ei anna maskin, og opnast der, t.d. ved å dobbeltklikke på catalogfila. Bilda kan redigerast på vanleg måte.

Når du kjem heim att, vel du Import from another Catalog på den stasjonære maskina. Vel ”reisedatabasen” på den eksterne disken, og den stasjonære blir oppdatert med endringane du gjorde på reise.

Smart Preview
Med Lightroom 5 fekk vi Smart Preview, opprinnelig tenkt for dei som berre brukar berbar datamaskin, og har heile eller store deler av bildelageret sitt på eksterne diskar. Funksjonen gjer det muleg å redigere bilde, sjølv om bildelageret er fråkobla. Smart Preview kan du generere ved import eller seinare, og dei blir oppretta i same mappa som catalogfila og vanlege previewdata er lagra, i Lightroom 5 Catalog Smart Previews.lrdata (på Mac).

Merk alle bilda du vil redigere mens bildelageret er fråkobla. Det kan t.d. vere alle bilda i ein Collection eller ein månad eller eit anna utval. Frå menyen Photo i Library kan du velje Preview, og så Generate Smart Previews. Når du så koblar maskina frå bildelageret, vil mapper bli merka med ?, og bilda med !. Bilda det er generert Smart Preview for, vil i staden bli merka med i lita bilderute i øvste, høgre hjørnet. Det står også ”Smart Preview Created” like under histogrammet i høgre sidepanel.

Mens bildelageret er fråkobla, kan du redigere bilda heilt som vanleg. Når du koblar til bildelageret på nytt, blir Lightroom automatisk oppdatert med endringane du gjorde mens bildelageret var fråkobla.

Rediger Smart Previews

Bildet viser originalt bilde (Before) og redigert Smart Preview (After)

Smart Preview kan også brukast av deg som arbeider i lag med nokon, som til stadig må ha tilgang til same bildesamlinga som du. Det same gjeld dersom du ustanselig er på farten, og må ha bildesamlinga med deg. Generer Smart Preview av alle bilda, og plasser ein kopi av Smart Previewdata og ein midlertidig kopi av catalogfila på ein ekstern disk med hurtig grensesnitt, dvs minst USB III. Med denne på lomma kan du ha tilgang til bildesamlinga di kvar som helst du kan finne ei datamaskin med Lightroom på – smart. Kopien av catalogfila kan fornyast etter behov.

Rediger Smart Previews

Bildet her viser redigert Smart Preview etter at bildelageret har blitt kobla til att.

Synkronisere via skyløysing
Dersom du har ein liten Lightroomcatalog, kan du kanskje bruke DropBox eller ei anna skyløysing til å synkronisere catalogfila til ei anna maskin. Det er ikkje særleg praktisk å synkronisere store catalogfiler eller RAW-filer på denne måten.

Brukarar av Creative Cloud har ei mulegheit til å bruke Lightroom Mobile til å synkronisere bildesamlingar (Collections) til berbart utstyr (iPad og iPhone). Redigeringsmulegheitene er begrensa i forhold til vanleg datamaskin.