LightroomTips

Skaler bilde for innlevering til NSFF

Article text
Når eit bilde skal leverast til konkurranse eller årbok eller kva det måtte vere, kan du eksportere bildet frå Lightroom. Klikk knappen Export i nedste, venstre hjørnet av Library.

Krav 1
Bildet skal ha fargerom Adobe RGB. Den innstillinga finn du i "File Settings" i eksportskjermbildet. Klikk på rullegardina, og vel Adobe RGB. (Bilde som berre skal visast på skjerm, bør ha fargerommet sRGB, fordi dei fleste av dagens nettlesarar støttar sRGB).

Krav 2
Bildet skal vere nøyaktig 2400 pikslar på lengste side.
Dette kan du stille inn i File Sizing. Set hake i sjekkboksen Resize to Fit, og vel Long Edge i nedtrekkslista. Skriv 2400 som verdi, og sjekk at det står pixels bak. I feltet Resolution må du skrive ein verdi, sjølv om det ikkje betyr noko i denne samanhengen. Skriv t.d. 240.

Krav 3
Fila må ikkje overstige 3 Mb (3000 kb)
Ofte vil krav 1 og 2 gje ei fil som er under 3 Mb, men nokre gonger blir den større. Hvis det skjer, kan du lage ein ny eksport med same innstillingane, men sette Quality til t.d. 80 %. Denne innstillinga finn du i File Settings, Quality.

Når du reduserer kvaliteten, komprimerer du bildet, og det blir ofte vesentlig mindre enn 3 Mb. Du kan prøve med ein anna verdi mellom 80 og 100 for kvalitet, men det er ofte vanskelig å få til ei fil som er nær opp til 3 Mb. Ver likevel ikkje uroleg for at kvaliteten blir for dårlig. Ei 2400 pikslar stor fil i Adobe RGB med 80-85 % kvalitet er god kvalitet for trykking i årboka.

Du bør også ha fokus på Output Sharpening. Bruk det du synes passar best til det bildet du skal levere. Portrettbilde skal generelt ha mindre skarping enn natur- og arkitekturbilde.