LightroomTips

Organisering av bildelageret - hæææ!?

Article text
Først vil eg berre understreke at dette ikkje er ein metode for å organisere bilda på, men ein måte å organisere lageret. Mappestrukturen skal du utelukkande behandle på same måten som negativalbumet ditt – eit lager med originalar, som du ikkje tuklar med. Organisering av bilde skjer i Collections. Der ligg nøkkelen til ei god organisering av bildesamlinga.

Så til organisering av bildelageret
Standardinnstillinga er at bilda blir lagra i Mine Bilder (Bilder på Mac). Catalogfila blir lagra i Mine Bilder\Lightroom, og sikkerheitskopien i Mine bilder\Lightroom\Backups – ikkje så veldig sikkert akkurat. Det er nesten jamgodt med inkje å ha sikkerheitskopien på same disken som originalen.

Det er fleire ting å vurdere her. Skal bilda lagrast i Mine Bilder? Skal catalogfila lagrast i Mine Bilder? Kva løysing skal du ha for sikkerheitskopi av catalogfila? Det viktigaste du kan gjere med denne organiseringa, er å styre sikkerheitskopien av catalogfila til ein anna disk. Det kan vere ein ekstern disk, ein anna intern disk eller eit område i eit nettverk.

Organisering av bildelageret
Her kan du velje å plassere bildelageret ein heilt anna plass, t.d. på ein ekstern disk eller ein anna intern disk, slik at bilda blir lagra på ein eigen disk, berre for bilde. Mi tilråding er å ha ein eigen disk, og samle alle bilda under ei hovedmappe. Lightroom kan så opprette undermapper automatisk. Alle desse innstillingane gjer du i importvinduet.

Hovedmappe
Når du har opna importvinduet, og kome til kvar bilda skal lagrast, klikkar du på TO i øvste, høgre hjørnet av importvinduet. Så vel du disk eller mappe du vil lagre bilda i.

Mappestruktur
Litt lenger nede på høgre sida i importvinduet finn du panelet Destination. Der kan du velje om bilda skal i ei mappe eller mapper etter dato. I tillegg kan du legge til ein Subfolder.

Mapper etter dato og datoformat
Mange brukar denne innstillinga, for då opprettar Lightroom undermapper slik du vil. Tenk at hovedmappa ligg på Bildedisk, og heiter Bildemapper. Så vel du Organize ”By date”, men så kjem du til datoformat – med så mange alternativ. Kva skal du velje?

I bildet har eg forsøkt å gje eit inntrykk av korleis mappestrukturen kan bli i Library med forskjellige datoformat. I starten brukte eg formatet 2014-12-29, men fann fort ut at det ville resultere i ei milelang mappeliste i Library Folders, fordi dette formatet lagar ei ny rad for kvar dato. Du som tek bilde kvar dag heile året, vil få 365 nye rader kvart einaste år, og kan ikkje innskrenke eller utvide desse.

Derfor skifta eg til formatet 2014/12/29. Då opprettar Lightroom mappa 2014 under Bildemapper. I 2014 vert det oppretta ei undermappe for kvar månad, og i kvar månad ei undermappe for kvar dato med bilde. Når du merker i månadsmappe, ser du alle bilda frå den månaden, osv. Mappetreet kan utvidast og innskrenkast etter behov, t.d. til ei rad per år. Mulegheita til å utvide og innskrenke gjer dette og liknande alternativ brukarvennlege og oversiktlege.

Dersom du i tillegg gjer bruk av Into Subfolder, vil Lightroom opprette eit mappenivå mellom hovedmappa og årstalet, slik: Bildemapper\Subfolder\2014\12\29.

Merk at alternativa med månad som tekst stokkar litt om på rekkefølgja, i det alfabetisk sortering fører til at april og august kjem før januar og mars.

Dersom du vel datoformat med skråstrek, t.d. 2014/12/29, og målmappa er Bildemapper, treng du ikkje ofre så mykje hovudbry på organisering av bildelageret, for Lightroom opprettar mapper etter behov, basert på opptaksdato frå kameraet. Så kan du eventuelt putte inn Into Subfolder for enkelte prosjekt eller for kvar kunde eller kva behovet ditt er.

Datoformat for import av bilde