LightroomTips

Vis berre virtuelle kopiar, video eller originalar

Article text
.
I Library, Grid View ser du ei rad med tekst like ovafor alle miniatyrbilda, der det står fire ord, Text, Attribute, Metadata, None. Bak desse skjuler det seg filter, og dei fire orda grupperer filtera.

Library Filter




Klikk på Attribute, for å aktivere filter som har med attributtar å gjere, dvs flagg, rangering med stjerner eller farge. Dette er attributtar du sjølv har lagt til. Her fins også type (Kind), som eg vil vise i dette tipset.

Filteret inneheld tre knappar, rekna frå venstre.
  • Master Photos
  • Virtual Copies
  • Videos

Type i file

Filtera virkar både kvar for seg og i lag. Klikk knappen i midten for å vise berre dei virtuelle kopiane. Knappen blir kvit, og du ser med ein gong at alle bilda i Grid View har ein innbrett i nedste, venstre hjørnet, slik som knappen. Dette markerer virtuelle kopiar. Klikk ein gong til på knappen Virtual Copies, for å slå av filteret.

Klikk knapp nummer tre, for å vise berre videoane du har i biblioteket. På denne måten kan du enkelt filtrere biblioteket. Du kan f.eks. vise alle virtuelle kopiar med minst 5 stjerner ved å klikke den femte stjerna og knappen Virtual Copies.

Filteret filtrerer bilda i den Folderen eller Collection som er merka i venstre sidepanelet. Klikk ein anna Folder eller Collection, for å vise anna filtrert innhold. Dersom du vil filtrere heile bildesamlinga, kan du klikke på All Photograps i panelet Catalog i venstre sidepanel i Library.

Klikkar du både knappen for Virtual Copies og Videos, blir både virtuelle kopiar og videoklipp vist.

Du slår av alle filtera ved å klikke på Attribute på nytt, slik at filtersymbola blir skjulte..