LightroomTips

Ikkje ødelegg minnekortet ditt

Article text
Korleis løyse ut minnekort frå Lightroom
Regel 1
Ikkje napp ut kortet uten først å koble frå. Når kortet står i kameraet, betyr det å slå av kameraet før du tek ut kortet. I ei datamaskin kan kortet koblast frå på ved hjelp av verktøy i Finder på Mac og Windows Utforsker på PC. I Lightroom er to mulegheiter til å koble frå kortet.

Kryss i ruta Eject after import i importvinduet, dersom du vil at kortet skal bli utløyst når alle bilda har blitt importerte. Dersom du skal gjere fleire importar frå same kortet etter kvarandre, kan det vere ok å sette krysset berre på den siste omgangen. Elles må du ta ut kortet og sette det inn att, og det kan virke både tungvint og unødvendig. Å koble frå kortet etter import er ein god regel.

Regel 2
Dersom du sette inn kortet ved ein feil, t.d. dersom det var feil kort du sette inn, kan du i importvinduet høgreklikke (Ctrl+klikk på Mac) på kortet, og så velje Eject frå menyen som sprett opp.

Årsaker til feil på USB-minne
Både Windows og Mac OS har verktøy til å koble frå minnekort og minnepinnar. Desse er laga for å beskytte data og USB minne. Internett har masse informasjon og spørsmål om korrupte data og minnekort som hverken kan attkjennast, lesast eller formaterast. Minnekortprodusentar og andre har laga programvare for å redde data frå kort med feil på. Problemet er tydeligvis ikkje uvanleg, men du kan redusere faren for å komme opp i problema sjølv, eller i det minste utsette problemt, ved å følgje enkle forsiktigheitsreglar. Før eller seinare vil alle minnekort slutte å virke. Det er begrensa kor mange gonger du kan lagre på dei.

Der er mange mulige årsaker til at eit kort eller data kan bli korrupt. Digicamhelp har ei lang liste, t.d. dersom
  • du fjernar kortet frå kamera eller kortlesar mens det foregår lagring til kortet
  • do opnar, slettar eller gir nytt namn til filer på kortet mens innholdet er ope på ei datamaskin
  • du fjernar kortet frå kortlesar mens data enno blir overført
  • du fjernar kortet frå kortlesar mens mapper eller filer er opne på datamaskin
  • du om at og om at tek bilde og slettar når kortet er fullt
  • du fyller kortet heilt opp før du lastar bilde over på datamaskin
  • du brukar minnekort frå eit kamera i eit anna kamera uten å formatere det i det nye kameraet først.
  • du tek bilde når kamerabatteriet er nesten tomt
  • batteriet går tomt mens kameraet lagrar bilde til kortet
  • du formaterer minnekort i datamaskin i staden for kamera. Dette kan føre til at bearbeiding av data går tregare, og på enkelte kompatibilitetsproblem.
  • du brukar eit kort formatert på datamaskin uten å formatere det i kameraet
  • du set inn eit kort nummer to i kortlesaren uten å stenge eller fjerne det første mens du ser bilda på ei datamaskin

Dersom du tek eit kort ut av kortlesaren uten å løyse det ut først, kan kortet bli øydelagt. Det treng ikkje bli øydelagt, men kan bli. Betre føre var.