LightroomTips

Skal, skal ikkje formatere - slette - kvifor?

Article text
Eg synes det er veldig vanskelig å skrive noko eintydig om beste praksis for å ta godt vare på kort, for opplysningane som finst på nettet er delvis motstridande. Nokre trekkjer til og med kortprodusentane sine råd i tvil, og meiner dei tilrår formatering for å redusere pågangen av spørsmål om brukarstøtte.

Slette eller formatere
Mange vil helst formatere kvar gong bilda blir overførte til datamaskin. Andre held på at det er nok å slette bilda frå kortet – unødvendig å formatere. Dei tek kanskje feil, men finst det ein fasit?

Sletting slettar ingenting
Ingenting blir sletta frå minnekortet. Når du slettar bilda, slettar du ikkje bilda likevel. I FAT-systemet blir berre første tegnet i filnamnet erstatta med @, som betyr at plassen der bildet ligg lagra er ledig, og fildatatabellen/filsystemet blir oppdatert. Plassen bildet var lagra på, blir ledig. Data i nye bilde brukar ikkje nødvendigvis like mykje plass som tidlegare bilde. Nye bilde blir lagra oppå sletta bilde. Desse eigenskapane gjer at kortet vil inneholde rester av gamle bilde. Det kan i svært, svært sjeldne tilfelle hende at det oppstår feil i filsystemet. Då kan data bli blanda, slik at enkelte bilde kan inneholde fragment frå tidlegare sletta bilde.

Enkelte kamera tilbyr sletting av alle bilde samtidig. I andre må du slette kvart enkelt for seg.

Formatering set opp nytt filsystem
Du bør alltid formatere minnekortet i kameraet første gongen du brukar kortet eller når du set det i eit anna kamerahus. Dette er viktig å merke seg.

Formatering skriv ny, tom fildatatabell og opprettar mappestruktur for kameraet, DCIM-mappe for lagring av bilde (Digital Camera IMages). Metoden er effektiv. Det er feil å seie at alt blir sletta, fordi ingenting blir sletta, jf ovafor, men filsystemet blir oppretta på nytt, og all den tilgjengelige plassen på kortet blir ledig. Det er vanskelig å gjenopprette bilde frå eit formatert kort. Du bør ikkje rekne med at det kan bli vellukka.

Sandisk tilrår at dei som tek moderate mengder bilde bør formatere nokre gonger i året, mens dei som tek mange bilde, bør formatere oftare. Det same gjeld om du opplever episodar med kortet. Dersom problem kjem att etter formatering, bør du skifte ut kortet. Sandisk tilrår også at du skal formatere kortet i kameraet, ikkje på datamaskin. Sandisk har samarbeidd med Nikon for å spesialtilpasse kort til enkelte kamera, t.d. D90 og D7000.

Litt grunnleggande
Minnekorta kjem frå leverandøren ferdig formaterte. Sandisk, som er verdens største leverandør av minnekort, brukar forskjellig formatering, alt etter type og storleik. Systemet er variantar av FAT (File Allocation Table). Flashminne formatert etter dette systemet, er inndelte i blokker, og har eit spesielt fast avsett området, som systemet brukar til å lokalisere kvar filene/bilda er lagra. Data om kvar filer eller bitar av filer er lagra, finst i ein tabell (File Allocation Table) i dette systemområdet. Området har fast plass på kortet, og feil i dette området kan ikkje rekonstruerast.

Filsystem på kort frå Sandisk
Korttype Kapasitet Filsystem
SD/microSD  2GB eller mindre  FAT16
 SDHC/microSDHC  4GB til 32GB  FAT32
 SDXC/microSDXC  64GB eller større  exFAT
 CompactFlash  Opp til 128GB  FAT32
 CompactFlash  256GB  exFAT


Nokre tips eg har funne
Dersom du slettar bilde frå kortet, blir blokkene på kortet merka som ledige. Slettar du enkelte bilde, kan den ledige plassen vere spreidd ut over minnekortet. Du bør unngå å slette enkelte bilde, særleg mellom andre.

Ikkje slett bilde frå minnekortet ved hjelp av datamaskina, spesielt dersom kortet står i kameraet, og er kobla til maskina via USB-kabel. Dette kan forårsake feil i fildatatabellen og feilmelding i kameraet. Canonbrukarar bør vere spesielt oppmerksome på dette, har eg forstått.

Alle minnekort og andre flashminne har ei grense/kvote for kor mange gonger du kan skrive til kortet i løpet av kortet si levetid. Slettar du eitt og eitt bilde, brukar du unødig av kvoten. Dersom du slettar alle bilda på kortet, brukar du mindre av kvoten. Formatering vil truleg bruke like mykje av kvoten som samtidig sletting av alle bilda.

Det er klokt å bruke sikker fjerning av minnekort og andre USB-minne, når du skal koble det frå datamaskina. Dette gjeld enten kortet står i kortlesar i datamaskina eller om kameraet er kobla til datamaskina med USB-kabel. Bruk sikker fjerning først, og slå av kameraet etterpå.

Oppsummering
Dette tipset var kanskje ikkje så mykje konkret å bli klok av. Skal, skal ikkje formatere? Eg håpar likevel du fann eit par tips, som kan bety ein del.

Les også: Ikkje øydelegg minnekortet ditt