LightroomTips

Føl med diskforbruket

Article text
I tittelfeltet til kvar enkelt disk i Folders står talet på bilde lengst til høgre for kvar disk. Denne informasjonen kan du tilpasse. Du kan vise tal bilde på disken, Total diskplass og ledig plass, status for disken (online eller offline) eller ingen informasjon.

Slik endrar du opplysningane. Ctrl+klikk (høgreklikk i Windows) på tittelområdet på vedkommande disk. Ein meny kjem til syne, og du kan velje den informasjonen som er mest nyttig for din situasjon, Photo Count, Disk Space, Status eller None.

Dersom du vel Disk Space, kan du fort kalkulere om der er plass til neste import, for i importvinduet kan du sjå kor mange bilde og kor stor diskplass dei bilda du har merka for import vil ta. Slik ser du dette:

Klikk knappen Import, og vel Source (kvar bilda skal hentast frå), merk eller avmerk bilde. Sjå nedst til venstre i importvinduet. Der står kor mange bilde som skal importerast, og kor stor diskplass dei vil kreve. Er det mindre enn ledig plass på disken?

Merk at det er ikkje smart å fylle opp disken for mykje. Det går ut over ytinga til datamaskina di. Allereie frå 65% fyllingsgrad startar ytinga å minke. Etter 85% oppfylling aukar risikoen for at det oppstår feil i filsystemet.

Diskplass import


Les også: Import – kor mange – kor stor plass,
og dette: Lite diskplass? konverter til DNG ved import,
og dette: Flytt bilde i Lightroom