LightroomTips

Vis fleire hjelpelinjer og sideforhold i Crop Overlay

Article text
Vis forskjellige hjelpelinjer
Vi startar med å opne Develpmodulen og så aktivere verktøyet Crop Overlay. Du finn det lengst til venstre under histogrammet øvst i høgre sidepanel. Legg merke til ramma rundt bildet og hjelpelinjene, som deler bildet inn i ni ruter. I tillegg til dette rutemønsteret finst det ei rekkje andre hjelpelinjer du kan bruke når du kompnerer bildet ved hjelp av Crop Overlay. Tast O for å sjå gjennom dei ulike alternativa. Tast Shift+O for å endre orientering for kvart enkelt hjelpelinjesett. Du kan også velje Crop Guide Overlay frå menyen Tools.

Desse alternativa finst.
  • Grid (det tettare rutemønsteret du ser når du skal rette opp eit bilde)
  • Thirds (standardinnstillinga)
  • Diagonal (diagonale linjer)
  • Triangle (deler bildet inn i triangel)
  • Golden Ratio (det gyldne snitt)
  • Golden Spiral (ein spiral som endar opp i det gyldne snitt)
  • Aspect Ratio (vising av dei førehandsdefinerte sideforholda som du vil vise)

Vis fleire sideforhold
Det siste alternativet på lista gir deg mulegheit til å vise hjelpelinjer for mange forskjellige sideforhold samtidig. På denne måten kan du få hjelp til å sjå kva sideforhold som passar best til bildet du arbeider med.

Tast O når Crop Overlay er aktivt, for å bla deg fram til alternativet Aspect Ratio. Tast eventuelt Shift+O for å endre retning (landskap/portrett). Du kan velje kva for nokre sideforhold som skal visast, ved å velje Aspect Ratio frå menyen Tools, Crop Guide Overlay. Set hake for dei sideforholda du vil vise hjelpelinjene for, og avslutt med OK.

Golden Spiral


Hjelpelinjer Golden Spiral og fleire Aspect Ratio. Du kan ikje vise desse samtidig i Lightroom. Eg har juksa med dette bildet.